Noteringar |
- Bømlo Bygdebok I: s.195
Ingeborg og Erik vart gravfeste same dag. Born: Tor f. 1780 d. 1791, Lars f. 1783, Brita f. 1787, Mari f. 1792, Anna f. 1794 d. 1814, Tor f. 1797, Kristi f. 1801.Erik løyste ut medarvingane sine i bruket i 1771. Frå 1777 var han brukar saman med stykfaren, og i 1791 løyste han resten av bruket frå Knut Pederson Sætre sine arvingar, og åtte då 1/3 part i garden. Erik var velstandsmann. Det var skifte etter han og kona i 1811. Netto i buet var 1288 rdl.
Erik løyste ut medarvingane sin part i bruket i 1771. Frå 1777 var han brukar saman med stykfaren, og i 1791 løyste han resten av bruket frå Knut sine arvingar, og åtte då 113 part i garden. So bygsla han helvta av Hospitalsgodset og brukte heile bruket frå 1794 til 1806 då han bygsla helvta til sonen Lars. Dei var brukarar saman til Erik døydde.
Erik var velstandsmann. Det var skifte etter han og kona i 1811. Netto i buet var 1288 rdl. I buet er nemnt 11 kyr, av dei 2 ute på foster hjå andre. (Kyrne heitte Skautrei, Hjartrei, Plomrei, Raukruno, Dagros, Fagrei, Gråsio, Natrei, Dagrei, og Hoprei. Kvigene heitte Botrei, Fromrei og Brunsio.) 5 kviger, 1 stut, 2 kalvar, 5 sauer, 3 verer (Sauene heitte Ringo, Raukruno, Kråko, Storakråko og Grimo. Verene heitte Håsporen, Stemmen og Svarteveren.), helvta i 2 merrar og i ein gjeldbukk. So hadde dei Mads Pedersen Bostads huspostill, fjerdeparten i ei gamal sildenot og i ei makrelnot, helvta i ei mortanot og i 2 færingsbåtar, 1 færing med segl, 8 storsildgarn, 5 småsildgarn og 2 mortaglipar. Buet åtte tredjeparten i Mækjebakken og helvta i Ekornsetre. Husa på bruket var, 2 glasstover, 1 løe, 2 florar, alle med næver- og helletak, I stabbur med helletak, 1 anna stabbur med nævertak, 1 sengjabu med nævertak, 1 eldhus med næver- og helletak, 1 smalehus med næver- og helletak, 1 anna smalehus med spontak, 1 smie, 1 naust med helletak, og 1 med spontak, 1 kvernhus og helvta i ei sjøbu.
Når det var so mange hus på bruket, er det truleg at Erik bygde hus då han vart brukar, og delte bruket med stykfaren.
|