Noteringar |
- Generelle notater :Endre var komen til Levåg nedre i 1621.
ranskarar meiner at Endre var dotterson til Mats Fartegnson Skage i Kvinnherad av Baggeætta, og kona Gyri Jakobsdtr frå Sogn.
Endre åtte nedre Levåg og 1 1/2 spann smør, 3/8 hud i Frøkedal og 1/2 l. smør, 1/2 hud i Nes i Tysnes, i Skage 1/2 pund smør og 1 slett mark pengar, i Slinde i Sogn 1 1/2 spann, 3 1/2 mrk. smør og 3 mæler korn. Dette godset beta lte han odelskatt for.
Han fødde 1 hest, 13 storfe, 14 smaler og 3 geiter.
I 1638 kom Endre i legermål og måtte bøta "efter hans yderste formue, formedelst der var en stor Gield, for 30 rdl." Hans "yderste formue" var halve buet med unnatak av odelsgods. Den andre helvta av buet åtte kona.
Endre var lensmann for Våg skipreie av lenets gods. På sine eldre dagar fekk Endre ein sjukdom i hoftene so han mest ikkje kunne gå over golvet. Truleg var det dette som gjorde at han slutta som lensmann. Dette skulda han ei omr eisande kone for, at ho hadde kasta trolldom på han. Det vart halde forhør på henne i 1650, og ho vart seinare brend på Horneland. I 1650 var det forhør i Engesund, og Endre sende drengen sin avstad for å vitna i saka : "Dernest frembkom Peder Olsen, Endre Leuog sit tienner, och berette at hans Hosbund hafde sendt hannem hiid at sige, at det hende sig en gang mens hand var Lensmand, da var han i Eresund och drach, huor var, och da der hand effter huis ord dennem mellem falt thalede hende noget hart thil, sagde hun thil Anna Feresund och Knud Leuog i Kiøchenet mens hand var i Stuen, han springer nu uar læt, mens inden faa Aar schal hand iche springe saa Kaad som nu gjør hand, siden om it aar der efter fich hand i bode hans Lender saa hand Kunde iche gaa offer Gulffuet Vden med stor nød med en stauff hvilket hand endnu haffde .."
Endre var legdsmann for skatten i fleire år. I 1669 vart halde skifte etter Brita som var død vinteren 1668. Som ventande var det lite i buet. Nettoeiga var 76 rdl. og so noko odelsgods. Buet åtte heile Levåg nedre og 1/2 l. 2 1 /2 mark smør, 1/2 hud og 2 1/2 mark "ware" i Nes i Tysnes. Elles var buet 1 sølvkanne for 17 rdl. 1 gamal børse, 1 lite skap med skriveklaffe og eit skrivebord med "forsette", m.a.
|