Noteringar |
- Karl kunne svara skattane sine i 1701. Han var komen til Nordtun i 1677, då han vart stemnd av Bent Mikkelson Sandbech "for nogen grove og utilbørlige skjellsord om ham i hans fraværelse da arveskiftet skiede i høst på Mehuus-." Karl sa "at
han iche ved med sin Sandz eller Sambuittighed at haffue talt eller sagt noget paa den Dannemand Bent Michelsen-." Karl hadde vore "overstadig drukken" og måtte bøta 1 rdl. I 1700 vart Karl stemnd av Casper Warner i Sønstabøvåge n fordi han "nest afvigte Nytaars aften paa Mehus skielt ham for adskilligt paa hans ære og meere u-beqvemsord-." Mellom vitna av presten Hans Rafnsberg. Han kunne vitna at han høyrde Karl "-skielte Casper Syndstabøvaagen fore n kieltings unge og Raabte paa sin knif-." Når presten var på Mehus nyårsaften, so var det fordi han, etter gamal skikk, kom nordetter nyårsaften og heldt gudsteneste i Gåslandskyrkja, og so overnatta han i Sønstabøvågen og hadde gudsteneste nyårsdag og. Han har då vore beden til gjestebods på Mehus, og dei har truleg då feira sekelskiftet. Då nokre vitner ikkje møtte, vart saka utsett, men kom ikkje opp att. Truleg vart dei forlikte før nytt ting vart halde. Karl var velstandsmann. Det var skifte etter han og kona i 1709. Dei døydde straks etter einannan. I buet er nemnt 13 rdl i reide pengar, 7 kyr, 3 kviger, 1 stut, 1, føl, 3 smaler,2 laksnøter, 2 sjøbuer, 1 naust, 1 glasbu (Dette er eit av dei første husa i bygda som er nemnde som hadde glas). Netto i buet var 103 rdl.
|