Noteringar |
- Indre Håvik.
Generelle notater :BB IV, s. 161 og 162 :
7 Anders Pedersson (sjå Børøy nr. 7), kom frå Børøyno ikr. 1613. Kona hans heitte Marta. Ho var kan hende dotter til Vier Lauritsson Totland (nr. 4). Kjende born: a. Vier, g. Skimmeland, nedre (nr. 5), f. ikr. 1603. b. Nils, g. Håvik, indre (nr. 8). Anders hadde fleire born som levde opp, men namna deira er ukjende. Anders døydde ikr. 1663. Han var brukar åleine til ikr. 1653, då sonen Nils fekk bruka fjerdeparten av garden. Seinare, men før 1657 brukt e Nils helvta. Anders var brukar til han døydde.
Anders åtte ein part i Geitung som var odelsgods, og Sætre og Foldrøyno. I 1660 pantsette han 1 pd. smør, 1/4 hud i Sætre til futen, Iver Knudsen, og i 1668 pantsette arvingene hans resten. Dette godset vart ikkje innløyst. I 16 25
kom Endre Børøyno, som var ein sonason til Anders si syster, "- och Amaget paa hans odel som Henrich marken folderøen och des tilleggender som Anders Haauig følger". Om Endre fekk medhald i retten er uvisst men i alle høve vart ikkje godset innløyst. I 1658 stemnde Ingebrikt Andal, på vegne av ein Halvard Pålsson, Anders for 2 mrk. smør i Henriks mark. Anders måtte og svara at godset var gitt han i brudlaupsgåve for 50 år sidan, "- og beraabte sig prou b". I 1663 vart sonen, Nils, stemnd for noko jordegods i Henriks mark, av Haldor Larsson, som Anders hadde kjøpt av Haldor sin verfar. Saka vart ikkje pådømd då. I 1655 pantsette han ei hustuft i Foldrøyhamn for 7 rdl., men Ande rs løyste ikkje inn pantet.
I 1657 fostra Anders på sin part i garden: 2 hestar, 5 kyr, 2 ungnaut, 1 sau og 2 geiter.
Anders var lagrettemann, legdsmann for landsskatten i 1632 og 1633, og kyrkjeverje.
|