Noteringar |
- Indre Håvik.
Generelle notater :8 Nils Andersson Håvik, indre (nr. 7), var 47 år gmal. i 1665. Siste gong nemnd i 1690. Kona heitte Inger Sjursdtr. Born: a. Inger, g. Håvik, indre (nr. 9). b. Kari, g. Spissøy, nedre (nr. 3). Inger gift oppat t med Peder E. Håvik, indre (nr. 10).
Nils var brukar saman med faren so lenge han levde. Seinare saman med versonen Ola Jensson. Nils og Ola brukte halve garden kvar, men det er uvisst om garden var delt mellom dei. Nils var brukar til han døydde.
I 1657 fostra Nils like mykje som faren: 2 hestar, 5 kyr, 2 ungnaut, 1 sau, 2 geiter. Det er klårt at dei trong ikkje 4 hestar i indra Håvikjo. Truleg er 3 av dei fostra for sal.
I 1676 fekk Nils skøyte frå syskina sine på øvra Foldrøyno, som faren hadde ått, på I pd. smør, 2 mark pengar, i landskyld.
Nils var ein av dei som skreiv under på klagen mot futen, Johan Torsson, i 1689. Hjå Nils og Ola i indra Håvikjo hadde futen teke 1 rdl. i lagmannstoll, der taksten var 1 ort på kvar.
Nils - saman med Endre Børøyno - vart oppnemnd som utsending til kongehyllinga i Kristiania i 1661, og var ein av dei som skreiv under på skatteklagene før dei reiste.
I 1666 vart Nils stemnd av presten, Johan Bechmann, for ei merr med føl som var komen bort i fjellet. Merra og følet var utlagde på presten i skiftet etter far til Nils for ikr. 4 år sidan. Presten kravde at Nils og medarvingane hans skulle svara skadebot for merra, men Nils vart sjølvsagt frikjend.
Nils var lagrettemann i meir enn ein mannsalder.
|