Noteringar |
- Generelle notater :Ola vart brukar i 1661 av den parten som faren og verfaren åtte, nemnleg 3U mrk. smør. Etter kvart som dei 2 andre brukarane fall frå, tok han over deira bruk. Han arva verfaren sin part, og kjøpte etter kvart , soleis at han åtte heile garden i 1692. Ola var ein mangslungen og framtøk mann som greidde å* skaffa seg ikkje lite jordegods. Han åtte soleis heile nora Meland, Løkling, helvta i Uro, heile Stokkvikjo. I Bua i Sveio åtte han 18 mrk. smør, I våg korn, og i søra Våga i Sveio åtte han 2 vetter korn som var odelsgods. Mykje av dette fekk han med første kona. Elles samla han ikkje lite lausøyre, men dette måtte han skifta frå seg helvta av 2 gonger ibo t for legermål.
Ola kom meir enn vanleg opp i vanskar med kvinnfolk. Han var ikkje forvel vaksen for han vart skulda for legermål med stykbestemor si. Det var slik at bestefaren, Ola Endreson Børøyno gifte seg oppatt på sine gamle dagar med ei jente som var mykje yngre enn han var. Dei livde visst ikkje godt ihop, og då kona skulle ha barn, hadde ho ein gong dei var i usemje slengt i han at det var ikkje han som var far til barnet, men sonasonen Ola. Dette kom futenf or øyra, og han stemnde Brita, som kona heitte. På tinget nekta ho at det var ikkje sant, men ho hadde sagt det "- af Diefvulens indskydelse", og saka vart vekklagd. I 1663 vart Ola stemnd for legermål som gift mann, med dotter til presten, Sara Danielsdtr. Dei var noko i slekt meddi Sara var eit syskinbarn til Ola sin bestefar. Ola vart då dømd til å bøta halve buet til kongen. So kom han i legermål på sine gamle dagar, straks før han døydde, med ei h usmannsdotter, Dordi Larsdtr.
Ho hadde tent hjå Ola før, " - men for mistankes skyld", vart ho jagd or tenesta, men kom att 4 år seinare. Ho var lite for seg, og det vart sagt at " - ej heller har hun Rettelig sin forstand, men som cen taasse og taabe lefver sin tiid hen." Ola var død då legermålsaka kom opp på tinget, og vart igjen dømd til å bota halve buet til kongen. Dordi hadde ingen ting å bøta med, men vart dømd til "at staa udj halsjernet ved Bremnes kirke cen søndag imeden s Gudstienesten derudj forretis." Dordi døydde straks etter ho hadde sona dommen ho fekk.
Men sjølv etter han var død vart ikkje Ola fri for rettargang. Straks etter han var død, vart ekkja og borna stemnde for å gjera greie for Ola sin " - endelige afgang eftersom Spargement gaar at hand saa hastig og u-formodentlig skall vere hendød, og ej vides paa hvad maade." Ola var mistenkt for å ha teke livet sitt, sameleis som broren, Endre vart nokre år seinare. Samstundes vart dei mennene stemnde som hadde bore Ola heim or marka, og dei mennene" som skal have baaret skielmen til Jorden." Dei skulle samstundes gjera greie for legermålsaka med Dordi. Dette var ei ålvorleg sak, for kunne det provast at Ola hadde teke sitt eige liv so skulle han ikkje gravast på kyrkjegarde n, og heile buet hans skulle då tilfalla kongen. Ekkja vitna at ein torsdagsmorgon for omlag 5 veker sidan kom Ola til henne og sa at han ville gå til markar og sjå etter hestane, og at dei måtte ikkje verta redde om han ikkje k om heim om kvelden, for han gjekk kanhende over til Børøyno og låg der om natta hjå sonen. Men etter at han hadde fått seg mat sa han at han heller ville gå i skogen og hogga noko ved. Etter at han hadde slipt øksa letta det med regnet og han gjekk til markar, og var borte frå torsdag til laurdag. Ho sende då bod til Børøyno og spurde etter han, men der hadde han ikkje vore. Seinare fann dei han død inni marka, og ho fekk folk til å bera han heim. Elle s sa ho at Ola hadde ikkje vore frisk då han gjekk, og hadde klaga seg for at han "havde ondt". Sonen, Arne, vitna at faren hadde vore sjuk i fleire år, " - og naar same svaghed overgik ham kunde han ej hielpe sig selv." Det var ei slags fallesykje han fekk nokre gonger kvart år. (Truleg små "slag".) Ola vart frikjend for sjølvmordet men dømd for legermålet med Dordi som før nemnt.
Det vart halde skifte etter Sara Ingebriktsdtr. i 1670. Buet var rikt. Nettoeiga utanom jordegodset var 73 rdl. 9 kyr, 1 kvige, 3 hestar, 1 børse, og 1 "verje" er nemnde m. a. Ola var lagrettemann.
|