Noteringar |
- Generelle notater :BB I, 451 :
Ola Salomonson, d. 90 år gl. i 1770. G. m. Idna Bårdsdtr., ekkja etter Jakob E. Sjøvoll. Idna døydde 75 år gl. i 1750. Born: a. Brita, f. ikr. 1708. g. Brekke. b. Mari, f. ikr. 1711, g. Øyjoro. c. Salomon, f. ikr. 1713, g. nora Habbastad. d. Gyri, f. ikr. 1716, g. Alvsvåg.
Ola vart brukar i 1 708 av halve garden, til han selde i 1751. Med kona vart han eigar av 11. smør, 1/2 hud i Søvodl, og 6 mrk. smør i Grutle. Parten i Grutle selde han i 1754.
Ola var ein dugande og vyrd mann i bygda, og velstandsmann. Han var presten sin medhjelpar og lagrettemann. I 1733 var han mellom dei 8 menn i skipreidet som vart innkalla av futen for å gjera greie for ymse lunnende i skipreide t.
Det vart halde skifte etter Idna i 1751. Buet var rikt. Netto var 270 rdl. utanom jordegodset. I buet var m. a. I sildenot og 1 sjøbu, I ottringsbåt, 1 kvern med hus, ikkje lite sylv, m. a. I sylvkjede med flaske, I sylvforgylt belte med 21 støler, spenne og "sprotter", verd 8 rdl. Ola og Idna hadde delt noko sylv mellom borna. Mari hadde fått 2 nålekjeder, og so fekk ho utlagt eit til, dessutan I sylvskei og I sylvbeger. Ekkjemannen fekk utlagt I sylv gås,,I sylvskei, I stort sylvstaup av gammaldags arbeid med fot under. På skiftet kravde Lars P. Øyjoro, som var g. m. eldste dotter til Idna, å løysa inn godset i Søvodl, som var hennar odelsgods. Han la 81 rdl. på bordet ogba d Ola ta imot dei, so dei kunne unngå usemje og rettsak seinare. Lars var og viljug til å gjeva Ola godtgjerdsle for det arbeid han hadde lagt ned for å gjera bruket betre sidan han vart brukar, og meinte det var best å gjera sa ka av då. Men Ola svara at han var ikkje førebudd på å ta imot betaling då, og meinte at dersom saka kom for retten, skulle han få rett til å bruka garden so lenge han levde. Dei vart ikkje samde, og skifteretten viste difor sak a til "ordentlig Lans lov og Rett". Ola laut likevel selja i 1751.
I 1712 vart Ola stemnd av Dirk Meyer i Bergen for 5 rdl., 4 mark. Ola ville ikkje betala avdi det var "hans formand "Jakob Endreson som hadde vorte skuldig pengane, men Ola vart dømd til å betala innan Mikkeli dag.
|